[vc_row][vc_column][vc_column_text]
Josh Turner besøker Norge for første gang når han står på scenen til Norsk Countrytreff på Breim i juli 2023
[/vc_column_text][vc_column_text]Norsk Countrytreff har sidan starten i 1995 bygd seg opp til å bli ein seriøs og veldriven festival, og har hatt ei lang rekke store artistar! Charley Pride, Vince Gill, Emmylou Harris, Tanya Tucker, Don Williams, Bobby Bare, Marty Stuart og Ricky Skaggs er alle artistar som har stått på scena mellom mektige fjell og brear.
Med Josh Turner sin debut på Grand Ole Opry i 2001, 2 år før debut-plata var eit faktum, var grunnlaget for fenomenet Josh Turner lagt på den amerikanske countryscena. Turner framførte sin første hit, «Long Black Train» til ståande ovasjonar i Nashville, og måtte endåtil gjere ei ny framføring av den samme sangen i Opry samme kveld!
I 2003 kom det første albumet hans, nettopp «Long Black Train», og dette albumet låg 40 veker samanhengande på The Billboard Country Charts. Men det var først i 2005, med albumet «Your Man» at Josh Turner klatra heilt til topps på hitlistene. Albumets tittelsang var skrevet av ingen ringare enn Chris DuBois, Jace Everett og Chris Stapleton – og sjølv om låta fekk ein treig start, så blei den nummer 1 på hitlistene i 2006. Den andre singelen som blei lansert frå denne plata var «Would You Go With Me», som også klatra til ein 1.plass på hitlistene. Fenomenet Josh Turner var eit faktum.
I 2007 blei Josh Turner invitert inn som medlem av Grand Ole Opry, som den yngste mannlege artisten nokon sinne.
Dei aller fleste kan vel også hugse at vår eigen Steffen Jakobsen gjorde sin versjon av «Your Man» på Idol – ei framføring som blei kåra til årets Idol-augneblink i 2013. Også i USA har Turner sine låtar gjort det godt, med t.d Scotty McCreery sin første American Idol-audition med «Your Man», og seinare då McCreery vant heile greia med si framføring av Turner sin «Long Black Train».
Turner har turnert i USA og Canada i over 20 år, men kun to gangar har han tatt turen over dammen til Europa for å underhalde countryfansen.
I juli 2023 står han altså på scenen til Norsk Countrytreff på Breim.
Mer info finner du her: www.norskcountrytreff.no[/vc_column_text][vc_raw_html]JTNDY2VudGVyJTNFJTNDaWZyYW1lJTIwd2lkdGglM0QlMjI1NjAlMjIlMjBoZWlnaHQlM0QlMjIzMTUlMjIlMjBzcmMlM0QlMjJodHRwcyUzQSUyRiUyRnd3dy55b3V0dWJlLmNvbSUyRmVtYmVkJTJGdmlkZW9zZXJpZXMlM0ZsaXN0JTNEUEx4N3JwbjI3NXNveGFkdGx3cUFRbDZGNkpvcW1xLWplVCUyMiUyMHRpdGxlJTNEJTIyWW91VHViZSUyMHZpZGVvJTIwcGxheWVyJTIyJTIwZnJhbWVib3JkZXIlM0QlMjIwJTIyJTIwYWxsb3clM0QlMjJhY2NlbGVyb21ldGVyJTNCJTIwYXV0b3BsYXklM0IlMjBjbGlwYm9hcmQtd3JpdGUlM0IlMjBlbmNyeXB0ZWQtbWVkaWElM0IlMjBneXJvc2NvcGUlM0IlMjBwaWN0dXJlLWluLXBpY3R1cmUlMjIlMjBhbGxvd2Z1bGxzY3JlZW4lM0UlM0MlMkZpZnJhbWUlM0UlM0MlMkZjZW50ZXIlM0U=[/vc_raw_html][/vc_column][/vc_row]